Forskingsbasert samarbeid med klyngene på VRI Storsamling

Harald Blaaflat Munal, dagleg leiar i Lærdal Grønt fortel torsdag 27.nov om Frukt-og bærklynga på Forskingsrådet si årlege storsamling i Bergen.

Les meir om den årlege samlinga her og sjå programoversikta her.

Advertisements

Vellukka næringsseminar om reisliv og lønsemd 18.nov

«Me er nøydde til å samarbeida og me håpar dette seminaret kan visa korleis ein kan samarbeid mellom det offentlege, næringslivet og FoU-miljøet, seier Helene Maristuen, høgskulelektor ved avd. samfunnsfag.»

Seminaret tysdag som var eit samarbeid mellom HiSF, fylkeskommunen og VRI3, engasjerte og fekk i etterkant brei omtale i Sogn Avis.

Internasjonalisering gjennom pilotar med Interreg (18.11.2014)

«Frode Hovland i Sogn og Fjordane fylkeskommune og kompetansemeglar i VRI, deltok på Interreg- møte i Stavanger 18.11. Møtet tok sikt på å klargjere mulige pilotar for EU prosjektet CNCA-Closing the Nutrient Cycle in Aquaculture. Poenget er å ta næringssalter tilbake til fisk- eller rekefôr. Fleire selskap i Rogaland presenterte sine idear til mulige pilotar. Det var alt frå oppdrett av børstemark, fora på slam frå oppdrett til blåskjell og makroalger tilknytta kommersielle lakseoppdrettsanlegg. Hortimare representerte makroalgeproduksjon saman med lakseoppdrettsanlegg i Solund i Sogn og Fjordane. Dei har 3 års praktisk erfaring med dette og var først i Norge til å få ein ordinær konsesjon med løyve til dyrking av makroalger etter akvakulturlova.
Hortimare sin aktivitet som Hovland presenterte på møtet vil kunne gå inn i ein pilot saman med andre eller åleine saman med fylkeskommunen. Alginor og IRIS var interessert i å kunne søke på ein pilot saman med Horimare.»

VRI opnar dører for frukt- og bærprodusentar (Konklusjon 12.nov)

Med midlar frå VRI Sogn og Fjordane har Njøs Næringsutvikling arrangert eit godt besøkt seminar om utvikling av helsefremjande produkt basert på bær og frukt. Deltakarane fekk innblikk i korleis ny, forskingsbasert kunnskap kan omsetjast til auka verdiskaping i Sogn.

VRI Sogn og Fjordane stimulerer til innovasjon gjennom å leggje til rette for møte mellom forskingsmiljø, næringsliv og offentlege aktørar. Onsdag 12. november samla seminaret «Frukt- og bærprodukt for lengre liv og betre helse» 18 deltakarar og 8 innleiarar og arrangørar i Sogndal til ein dag med ny og løfterik kunnskap frå norske forskingsmiljø. Arrangementet var finansiert av VRI Sogn og Fjordane si satsing på mat og reiseliv.

– Nye produkt og nye marknader gjer det meir interessant å vere i næringa, sa arrangør Stein Harald Hjeltnes ved Njøs Næringsutvikling til Sogn Avis under seminaret. Han konstaterte at emnet hadde fengja produsentar av frukt og bær i regionen, men også aktørar i det lokale reiselivet, som Bestebakken på Hafslo.

Dialog er eit viktig stikkord for VRI, og arrangørane la opp til diskusjon av to spørsmål: Kva mulegheiter og grunnlag har vi for å etablere ei slik næringskjede i Sogn og Fjordane? og Korleis få dette i gang?. Slik håpar VRI å vere med på å dytte i gang utviklingsprosessar som kan føre til nyskaping og, på lengre sikt, gje grunnlag for fleire arbeidsplassar innan og knytt til primærnæringane i regionen.

Deltakarane fekk høyre på og diskutere med forskarar frå fagområda biomedisin og farmasi som har arbeidd med å dokumentere helseeffektar av svarthyll- og aroniabær. Seminaret formidla også lærdommar frå næringsklyngja Legasea, som arbeider med klinisk testing av biomarine produkt. Det er mange utfordringar knytt til dokumentasjon av helseeffekt, og Lerum delte av erfaringane sine med merkeforskrifta.

Dialogmøte om frukt og bærprodukt onsdag 12.nov. på Quality hotell, Sogndal

Råstoff for nye produkt til den veksande kostholds-og helsemarknaden?

Agenda:
10:00-10:15 Velkommen ved Stein Harald Hjeltnes

10:15-10:45 Lectiner i svarthyll – utvikling av Lectinect ® frå forskingsarbeid v/ professor Ian F. Pryme, Institutt for biomedisin, Universitetet i Bergen

10:45-11:15 Aronia – studier av innholdsstoffer og biologisk aktivitet v/Hilde Barsett, Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo

11:15-12:00 Legasea – Utvikling av biomarine produkt og eksperimentell klinisk testing i liten skala v/Oddvar Skarbø, Arena Ocean Ingredients, Ålesund kunnskapspark (videolink)

12:00-13:00 Lunsj

13:00- 13:30 Merkeforskrifta sine konsekvensar i daglegvaremarknaden, v/Jan Petter Vadheim og Oddbjørg Fjelltun – Lerum AS

13:30-14:00 Kva må til før investorane set pengane sine i nyetablering og bedriftsutvikling? v/Willy Roger Jacobsen i Norwegian Food Partner

14:00-14:15 Introduksjon dialogkafè v/Jøril Hovland, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

14:15-15:15 Dialogkafè
• Kva mulegheiter og grunnlag har vi for å etablere slik næringskjede i Sogn og Fjordane.
• Korleis få dette i gang?

15:15-15:30 Pause med kaffi og frukt

15:30 -16:15 Presentasjon av bord-diskusjonane

16:15-16:30 Oppsummering og vegen vidare

Næringsseminar for alle 18.nov kl 12- reisesliv og lønsemd

Høgskulen i Sogn og Fjordane og VRI 3 ved Vestlandsforsking inviterar til næringsseminar tysdag 18.november. Seminaret er ope for alle. (Sogndal – Fossbygget – F300, 3.etasje)

Agenda:

12.00-12.20: Bedrifter på stands

12.25-12.35: Velkommen ved dekan for avdeling samfunnsfag, Anne-Grethe Naustdal og instituttleiar Leif Longvanes

12.40-13.00: «Lønsemd i overnattingssektoren» av dagleg leiar av Vesterland Feriepark, Arne Glenn Flåten

13.05-13.25: «Reiseliv og lønsemd, sett med brillene til samfunnsutviklarane» av direktør for næring i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jan Heggheim

13.30-13.50: «Korleis legge til rette for lønsemd i reiselivet?» av reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, Per Arne Tuftin

13.55-14.25: «Beitostølen -fra vintersportsstad til helårsdestinasjon» av adm. direktør på Beitostølen Resort, Atle Hovi

14.30-15.00: Pause

15.00-15.15: «Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane» av direktør Merete Lunde, Vestlandsforsking

15.20-15.50:«Show me the money» av grunder og dagleg leiar av Did Adventure, Didrik Ose

15.55 – 16.25: «Er det mogeleg å tjene pengar på kortreist mat?» av eigar og dagleg leiar av restauranten Hanne på Høyden, Hanne Frosta

16.30-16-50: «Volumtilvekst eller optimering av den norske marknaden» av hotelleigar og forskar Vestlandsforsking, Bård Huseby

10 millionar kroner til forsking og innovasjon i Sogn og Fjordane

Satsinga “Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane” er no i gong. Målet er auka samarbeid mellom næringsliv og forskingsmiljø.

Prosjektpartnarane møttest torsdag 6. november til oppstartsmøte. Dei skal kople verksemder og forskingsmiljø tettare saman for å skape vekst og utvikling i næringslivet i fylket. Vestlandsforsking leiar prosjektet som går fram til 2017.

Prosjektet høyrer inn under Forskingsrådet sitt VRI-program (Verkemiddel for regional innovasjon), og har tre prioriterte område i Sogn og Fjordane: 1) Energi, 2) Mat og reiseliv og 3) Teknologi/IT.

– Vi er godt nøgde med at fylket har fått midlar til dette arbeidet, seier Merete Lunde, direktør i Vestlandsforsking. – Det finst fleire gode døme på at kunnskapsflyt og samhandling mellom ulike aktørar utløyser nye moglegheiter. Bedrifter som deler kunnskap og nyttar ny kunnskap i innovasjonsprosessane sine, kjem til å stå sterkare i framtida, seier Lunde.

– Fylkeskommunen ser VRI-prosjektet som eit av fleire tiltak i satsinga på kunnskap for å realisere målet i verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014-2025 om attraktive arbeidsplassar, seier Lars Hustveit i fylkeskommunen.

Utveksling av kunnskap
VRI-prosjektet legg særleg opp til dialog mellom næringsliv og forskingsmiljø. Prosjektet skal legge til rette for god kunnskapsflyt, og fleire møteplassar er no under planlegging. Aktørar i næringslivet skal både få høve til å møte kvarandre og representantar for forskingsmiljø, for å utveksle idear og problemstillingar. Ideen er at når bedriftene får tilgong til ny kunnskap gjer det grobotn for å utvikle nyskapande løysingar.

Eit anna grep er kompetansemekling, der bedriftene får støtte til å definere behov og problemstillingar, samt finne fram til relevant kunnskap og kompetanse dei har nytte av i innovasjonarbeidet sitt. Eit tredje verktøy er mobilitet, som går ut på at bedrifter «låner» ein relevant student eller forskar for ein periode for å få tilgong til kunnskap og kompetanse.

Samhandlingsprosjektet er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Njøs Næringsutvikling AS, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Noregs Forskingsråd og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Det er Forskingsrådet, Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune som finansierer prosjektet. Sogn og Fjordane fylkeskommune er prosjektansvarleg.

Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane – VRI 2014 – 2016

VRI står for verkemiddel for regional innovasjon og er eit program frå Norges forskingsråd for å stimulera til meir bruk av forsking og utvikling (FoU) for betre innovasjon i næringslivet. Programmet er inne i sin tredje periode og det blir gitt støtte både til samhandlingsprosjekt  og reine forskarprosjekt. Sogn og Fjordane fekk tildelt midlar til eit samhandlingsprosjekt på grunnlag av ein søknad i mai i år. Prosjektet startar opp 1. juli i år.

Samhandlingsprosjektet i Sogn og Fjordane har som overordna mål å stimulera til meir forskingsbasert innovasjon for større verdiskaping og konkurransekraft i bedriftene innan dei prioriterte innsatsområda energi, mat og reisliv, og teknologi/IKT. Innsatsområda er valde ut i samsvar med prioriteringar i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014-2025, ein plan som nyleg er vedteken av fylkestinget.

Hovudmålet skal nåast gjennom følgjande delmål:

1. Vidareutvikla og styrka samhandlinga i det regionale innovasjonssystemet

2. Næringslivet skal i større grad ta i bruk forskingsbasert kunnskap

3. Betra samsvaret mellom næringslivet sine behov og kunnskapsmiljøa sine tilbod

Erfaringane frå tidlegare VRI-prosjekt i fylket (VRI 1 og VRI 2) har vist at verkemidla kompetanseutvikling og bedriftsprosjekt har vore særleg nyttige for å stimulere til meir FoU-bruk i næringslivet i Sogn og Fjordane, og denne innsatsen vil bli vidareutvikla. I tillegg vil verkemidla mobilitet og dialog også bli nytta. Etter avslutninga av samhandlingsprosjektet i VRI 3 vil dei verkemidla som har vist seg å fungera best, bli vidareførte i arbeidet med iverksetjing av tiltaka i Verdiskapingsplanen.