Sogn Aqua satsar i Lyon

Vi er stolte av at Sogn Aqua AS lukkast med innovativ satsing med aktiv bruk av FoU. Her har VRI Sogn og Fjordane fått bidra både i ei mobiliserande og rådgjevande rolle. Sogn Aqua AS vart fortent ei profilert bedrift på Vestlandsrevyen etter tildeling av forskingsmidlar i Regionalt Forskingsfond Vestlandet og eige næringsseminar i april 2014 i VRI-regi om ny satsing på kveite.
Les om Kveite-satsinga i Firda

Advertisements

VRI Energi mobiliserer for Havkraft

Geir Arne Solheim, og Havkraft sin teknologi er svært lovande for framtidig produksjon av kraft frå bølger. Grunnlaget er lagt gjennom denne konverteren. Ein del arbeid står att før målet om eit kommersielt system for energiproduksjon basert på bølgekraft er nådd. Men det er mange gode medspelarar på laget til Geir Arne, og vi i VRI Energi er glad for å vere med på prosessen også vidare, og bistå i fasane med gjennomføring av den strategiske planen vi allereie har samarbeida med Havkraft om.
Les om dette her.

Interreg V pilotarbeidsmøte i København

«Sogn og Fjordane fylkeskommune ved VRI-meklar Frode Hovland deltok på Interreg V arbeidsmøte i København 15.01.15. Møtet var ein workshop for å sette saman pilotar til ein felles EU prosjektetsøknad, førebels kalla CNCA-Closing the Nutrient Cycle in Aquaculture. Det kom opp forslag om å kalle prosjektet Mawator (Marine waste to resource), men dette er ikkje endeleg.
Næring og forvaltning frå Sverige, Danmark, Belgia, Nederland og Norge deltok. I løpet av workshopen fekk vi samla oss om felles pilotar innanfor algar, blåskjel og børstemark og bioraffeneri. Det vil no bli arbeidd med desse felles pilotane fram til endeleg søknad, som skal senast til EU Interreg V til sommaren 2015.
For verksemda Hortimare i Sogn og Fjordane blei inshore og offshore utvikling av produskjonsteknikk/ utstyr for algedyrking ein viktig del av piloten for algar.»

Rådgjeving til søknader i Sogn og Fjordane (15.januar)

I Sogn og Fjordane vil RFF i denne søknadsrunden tilby tidlegare søkjarar om midlar frå RFF Vestlandet, og som ikkje har nådd opp, ei ny form for hjelp. Fylket sine beste rådgjevarar vil gå gjennom søknadane saman med søkjarane, med mål om å heva kvaliteten på søknadane til søknadsfristen den 11. februar. Som hjelparar vil RFF dra nytte av VRI-prosjektet, og deira kompetansemeklarar.

Nye søkjarar kan ta kontakt for hjelp på vanleg måte. Det vert ikkje arrangert eigen prosjektverkstad i fylket i denne omgang.

Alle søkjarar frå fylket er også velkomne til å delta på prosjektverkstader i Bergen og Stavanger.

Les meir og finn kontaktinfo her.

Om VRI Sogn og Fjordane si energisatsing i Energi21 sitt DN-billag (18. desember)

Energi21 SFJ-illustrasjon

VRI Sogn og Fjordane si energisatsing er presentert på ei halv side i bilaget «Fornybare muligheter» i Dagens Næringsliv 18.desember med deltema energi. Billaget er eigd og utgjeve av Energi 21. Magasinet vart gjeve ut i 2012 og i 2013. Energi21 er den nasjonale strategien for forskning, utvikling, demonstrasjon og kommersialisering av ny energiteknologi. Energi21 er etablert av Olje- og energidepartementet.

Du finn billaget her med vår presentasjon av fornybarfylket på side 7