HiSF ved Institutt for økonomi og administrasjon og VRI 3 inviterer til reiselivsseminar!
Seminaret er gratis og ope for alle og finn stad i Sogndal – Fossbygget – F300, 3. etasje 10.nov kl 12.
Program
- 12.00-12.05: Velkommen ved instituttleiar Leif Longvanes
- 12.10-12.50: Berekraftig reiseliv – korleis fungerer det eigentleg i praksis? Pål Medhus, reiselivssjef i Geilo.
- 12.55-13.15: Miljø i reisemålsutvikling – eit døme frå Svalbard. Arvid Viken, professor ved Universitetet i Tromsø.
- 13.20-13.40: Korleis løyse utfordringar kring arrangement og festivalar? Roger Bareksten, dagleg leiar i Din Applaus.
- 13.45-14.00: Reportasje
- 14.00-14.25: Pause
- 14.30-14.50: Prisoptimalisering – korleis prissetje produktet ditt? Sigbjørn Tveterås, professor ved Hotellhøgskulen ved Universitetet i Stavanger.
- 14.55-15.50: Rebellen og samfunnsentreprenøren frå Hultsfred – frå sterke ideelle røtter til næringsliv og utvikling! Putte Svensson Sahlin, dagleg leiar, hotell Hulingen, Rockcity med meir!
- 15.55-16.35: Frå gard til operabutikk! Steinar Sørli, dagleg leiar og eigar ved Åmot Operagard.
- 16.40-17.00: Bratt friluftsliv som turistsatsing og som tilflyttingsmagnet! Per Odd Grevsnes, næringssjef i Sogndal og eldsjel i Bratt Moro.