Reiseliv for framtida 10.nov kl 12 i Sogndal

HiSF ved Institutt for økonomi og administrasjon og VRI 3 inviterer til reiselivsseminar!
Seminaret er gratis og ope for alle og finn stad i Sogndal – Fossbygget – F300, 3. etasje 10.nov kl 12.

Program

  • 12.00-12.05: Velkommen ved instituttleiar Leif Longvanes
  • 12.10-12.50: Berekraftig reiseliv – korleis fungerer det eigentleg i praksis? Pål Medhus, reiselivssjef i Geilo.
  • 12.55-13.15:​ Miljø i reisemålsutvikling – eit døme frå Svalbard. Arvid Viken, professor ved Universitetet i Tromsø.
  • 13.20-13.40: Korleis løyse utfordringar kring arrangement og festivalar? Roger Bareksten, dagleg leiar i Din Applaus.
  • 13.45-14.00:​ Reportasje
  • 14.00-14.25:​ Pause
  • 14.30-14.50:​ Prisoptimalisering  – korleis prissetje produktet ditt? Sigbjørn Tveterås, professor ved Hotellhøgskulen ved Universitetet i Stavanger.
  • 14.55-15.50:​ Rebellen og samfunnsentreprenøren frå Hultsfred – frå sterke ideelle røtter til næringsliv og utvikling! Putte Svensson Sahlin, dagleg leiar, hotell Hulingen, Rockcity med meir!
  • 15.55-16.35:​ Frå gard til operabutikk! Steinar Sørli, dagleg leiar og eigar ved Åmot Operagard.
  • 16.40-17.00:​ Bratt friluftsliv som turistsatsing og som tilflyttingsmagnet! Per Odd Grevsnes, næringssjef i Sogndal og eldsjel i Bratt Moro. ​​

Du finn meir om arrangøren her.

Advertisements

VRI Sogn og Fjordane deltok på VRI Storsamling 2015

Forskingsrådet samla i år rekordmange aktørar frå regionane og verkemiddelapparatet, over 150, for å informere om og diskutere ny regional satsing og dele erfaringar.

I år var samlinga på Lillehammer

VRIs kommunikasjonspris på storsamlingen på Lillehammer gjekk fortent til VRI Rogaland. Men VRI Sogn og Fjordane er i år som i fjor av dei svært få nominerte som får skryt for god formidling!

Les om samlinga her.

12189343_989430654433709_5667575002213524275_o 12191274_989430657767042_4420478155776591602_o

 

Regionalt forskingsfond Vestlandet og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til prosjektverkstad i Sogndal den 17. september

Regionalt forskingsfond Vestlandet og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til prosjektverkstad i Sogndal den 17. september 2015 i Flostova på Fosshaugane Campus.

VRI oppmodar verksemder med satsingar innan Energi, Reiseliv, mat (blå og grøn) og innovasjon i offentleg sektor om å vurdere RFF Vest si aktive utlysing og melde seg på prosjektverkstaden.

PROSJEKTVERKSTAD
Prosjektverkstaden er retta mot dei som vil søkja Regionalt forskingsfond om støtte til hovudprosjekt no i haust.
På møtet vil også representantar frå Forskingsrådet og Njøs Næringsutvikling delta.
Du kan lesa meir om prosjektverkstaden ved å gå inn på denne linken. Der skjer også påmeldinga.

Seminar om hydrogenteknologi i Førde 9.september

Seminar om hydrogenteknologi i Førde 9.september
VRI har vore med å mobilisere til ny satsing på mogelegheiter knytt til hydrogen.

Tema for seminaret er:
– hydrogen som energiberar
– status innanfor hydrogenteknologi
– klimamessige aspekt ved bruk av hydrogen
– moglegheiter for ny næring og industri i fylket

Sjå meir informasjon om seminaret her.

Litt utfyllande informasjon i forkant av seminar i Førde onsdag 9 september.. Interessa for tema er aukande!

Prosjektleiarsamling på Quality hotell Sogndal, 16.-17. september

VRI Sogn og Fjordane er vertskap når Forskingsrådet inviterer vi til prosjektledersamling på Quality hotell Sogndal, 16.-17. september 2015.

15 prosjektleiarar frå VRI-samhandlingsprosjekta, fire i Forskingsrådet og tre følgjeforskarar har alt meldt seg på.

Vi trur dei får ei lærerik, engasjerande og flott oppleving i fjordfylket. Programmet er klart og vi ser fram til å vitje Henjatunet. Ta kontakt med prosjektleiar om du ønskjer å høyre på nokon av føredraga i programmet:

 

Presentasjonen om VRI mobilitet i Sogn og Fjordane Studentmobilitet VRI-prosjektleiarsamling Helge Hustveit 17092015

Mindre gods, meir pengar? Transportseminar 15.9 i Førde

Mindre gods, meir pengar? – Transportseminar på Concordbygget i Førde tirsdag 15.09 fra 10-15:30

VRI inviterer transportørar til seminar.

Mindre gods, meir pengar?
Sogn og Fjordane er eit fylke med næring og busetnad spreidd på eit stort geografisk område. Frå fjord og fjell, til dei ytterste øyar.
Distribusjon av varer kan vere krevjande i delar av dette fylket, store avstandar, låg frekvens på ferjeavgangar og begrensa mengder gods.

Det er fleire transportselskap som i dag køyrer til dei same destinasjonane, fleire gangar i veka og med ledig lastekapasistet.
Dette er lite lønnsomt for både selskapa og miljøet.

Pr.idag ser det ut til at framtida for nokre næringar vil bli prega av synkande aktivitet, noko som igjen vil bety redusert mengde gods.

Kva kan vi gjere med det?

Vi ønskjer at De som transportør vil være med på å sjå på dette med det som mål å styrke transportnæringa i fylket, og vil med dette invitere Dykk til å delta på transportseminar på Concordbygget i Førde (Firdaveien 6) tirsdag 15.09 kl 10-15:30.

Vi vil komme tilbake til endelig agenda med foredragsholdere når alt er klart men her er agendaen slik vi ser den for oss nå:

10:00 – Velkommen – Mål og mening ved Bård Huseby Vestlandsforskning
10:15 – Hvordan ser fremtiden ut? –
11:15 – Kaffe og mingling
11:45 – Transport utfordringer i Sogn og Fjordane – Nils Huus
12:30 – Lunsj
13:30 – «Transportsynergier – mer penger på bunnlinjen – hvordan Internett og «dingser» kan løse transport utfordringer i vår region» – Jan Erik Evanger – APX Systems
14:30 – Dialog – Bård Huseby – Vestlandsforsking
15:00 – Hva gjør vi nå? Bård
15:30 – Vel hjem

Det vil bli mulig å kjøpe lunsj i kantinen på Concordbygget. Jeg er avhengig av å vite hvor mange vi blir. Frist for på melding er mandag 07.09.

Dette blir bra – Velkommen!

Kontaktinfo:
bhu@vestforsk.no
Tlf + 47 41000200